» startside » reportasjer » galleri » kontakt » CV/Info    
Den kvite jomfrua

Ho er fantastisk flott, men krev respekt. Kjem du for nær hiv ho deg ut. Kven snakkar me om? Folgefonna, Noregs tredje største isbre. Sagnomsust og elska av turistar i snart 200 år.

Tekst: Lars Arvid Oma
Foto: Folgefonni Breførarlag
(Publisert i reiselivsmagasinet «Fruktbare Hardanger» og passasjermagasinet «Norwegian»)

Den tredelte breen har eit samla areal på 213 kvadratkilometer, spektakulære blåisformasjonar, fantastiske brearmar, ville elvar og utsikt over Hardanger og store delar av Hordaland.
Det er forståeleg at utanlandske turistar vart bergtekne på 1800-talet – då den europeiske overklassen for alvor tok inn over seg den gryande nasjonalromantikken.
Europeiske kongar, keisarar og lordar festa blikket på det norske fjordlandskapet, og her var Hardanger i særklasse. Turistbåtane sette kursen mot Hardangerfjorden, og snart var den første breføraren i sving med å losa dei rike turistane til kanten av breen i Sunndal – og etter kvart over Folgefonna. Namn som Breidablikk og Tokheim kneisar stolt i reiselivshistoria i Hardanger. Sidan den gongen har breførarane hatt ein spesiell posisjon i samfunna rundt breen.
Bondhusbreen og Buerbreen på høyrer til dei aller første turistattraksjonane i landet.

Den engelske lorden
Den dramatiske naturen og dei enorme kreftene i breen har gjeve innhald til mange sagn.
Det mest kjente er historia om «den engelske lorden»:
På slutten av 1800 tallet kom det ein engelsk lord på besøk. Han hadde med seg ei dotter, og saman ville dei kryssa breen mellom Fonnabu og Holmaskjer. På vegen over fekk han lyst til å stiga opp på det høgaste punktet. Det ville vera noko å fortelje då han kom attende til England!
Dette ville ikkje breføraren høyra snakk om. Vêret var altfor usikkert, og som alle kjentfolk veit skiftar vêret veldig fort på Folgefonna.
Men lorden var sta og bestemt. Han tok dottera i handa og sette kursen mot toppen på eigenhand. Lorden og jenta forsvann, og vart aldri sidan funne.
Men sagnet sluttar ikkje der. Det vert fortalt at folk som har hatt lange turar i den til tider skoddefulle kvite øydemarka har sett konturane av lorden og dottera. Det vert tolka som eit signal om at det er på tide å gå ned av breen...

Dei sju prestegjelda
Eit anna sagn er historia om dei sju prestegjelda og Folgedalen:
Det rann ei flott elv gjennom dalen, og folket langs elva var velsigna med eit grøderikt jordsmonn. Men velstanden og rikdomen gjorde noko med dei. Egoismen tok overhand.
Ein dag kom det ei jente gjennom dalen, og spurde etter husrom. Ho gjekk frå hus til hus, men ingen slapp ho inn. Dei ville ha velstanden for seg sjølve. Til slutt banka ho på hjå presten. Også han hadde gløymt nestekjærleiken. Då vart den omstreifande jenta så sint at ho trua med snø og kulde. Og det vart som ho hadde sagt. Dalen snødde heilt igjen og vart til is...
Historiane er mange. Om bjørnejakt, drap, og menneske som vart borte på breen. I gamal tid trudde folk at Folgefonna var staden for «de uforløste sjeler», dei som korkje kom til himmelen eller helvete.
På grunn av den sterke overtrua var ferdsel på breen før mai og etter august forbunde med ei forbanning.
Dei sterke bånda til Folgefonna gjorde at overtrua levde ekstra lenge mellom folket på isolerte stader rundt isbreen.

Audmjuk i møte med breen
– Korleis er det med ditt forhold til breen?
– Eg har respekt for Folgefonna og det folk har opplevd opp gjennom åra. Det er meir mellom himmel og jord enn ein kan forklara på naturleg vis. Eg vil ikkje hardnakka påstå at den engelske lorden ikkje fins. Opplevinga av Folgefonna vert fattigare om ein ikkje kjenner til sagna og lokal historia. Breførar Åsmund Bakke (26) er slett ikkje er samd i at ”Folgefonna fortel ingen ting”, slik det står i ein gamal folketone som Geirr Tveitt fann i Hardanger.
Åsmund er fødd og oppvaksen i Jondal og fekk tidleg eit forhold til Folgefonna. Han starta som 15-åring saman med broren Jostein Bakke (33), som etablerte selskapet Folgefonni Breførarlag saman med Bård Kråkevik (35) i 1994.
No har Åsmund overteke det daglege ansvaret for drifta. Sidan 2001 har breførarlaget i sesongen tilbudd dagleg breføring i Juklavassbreen ved Folgefonna Sommarskisenter og føring over Folgefonna mellom Fonnabu og Holmaskjer. Han og dei andre 10-15 innleigde breførarane vidarefører den gamle reiselivstradisjonen som starta med å føra velståande utenlandske turistar over breen.
Aktiviteten er no høgare enn i den førre glanstida på 1800-talet. I fjor hadde breførarlaget tilsaman 2400 deltakarar på sine breføringar.
I dag er det stort sett vanlege naturinteresserte som brukar tilbodet. Og interessa er aukande.

Kjærleik til breen
– Kva er det som driv deg?
– For oss er kjærleiken til breen den viktigaste drivkrafta. Me ynskjer at folk at skal få ei totaloppleving, der ein formidlar kjerneverdiar som natur, kulturhistorie og klimahistorie. Breførarar som arbeider for oss må ha kjensler for breen. Først då vert ein truverdig i møte med turdeltakarane. Og på turane kjem alltid tryggleiken først, understrekar Bakke.
– Kva er den største ulikskapen på bruken av Folgefonna før og no?
– I gamledagar gjekk ein ikkje inn i isen. Folk hadde ikkje utstyr eller kunnskap om slike utfordringar den gongen. Overtrua hadde óg ein viss innverknad på bruken av breen. I dag har me inngåande kjennskap til Folgefonna, og moderne hjelpemiddel som GPS, kart, kompass og sikringsutstyr. Dermed kan me tilby spanande blåis-turar tilpassa for dei som ynskjer adrenalin-kick og dei som berre vil nyta den flotte naturen i ro og mak.

Eksport av is
Breen vart óg ei tid brukt som buføringsveg til stølen Markjelke i Mauranger fjella.
Rundt 1820 vart det sett i gang eit forsøk med eksport av is til Europa. Ved Bondhusbreen vart det teke ut isblokker som vart frakta ned til fjorden der seglskutene venta. Men det var ikkje enkelt, isen smelta for tidleg. På austsida av breen vart det mellomanna laga ei is-renne, for å få eksportvara ned på ein effektiv måte. Her varte iseksporten i fleire år.


Det var langt meir å hente på kraftproduksjon. I dag skjuler Folgefonna to store vasskraftanlegg som til saman produserer store mengder elektrisitet. Det er ei gullgruve.
Folgefonna Sommarskisenter er ei anna verksemd som nyttar seg av kvalitetane på breen. Her kan alpinistar og snowboardkjørarar boltra seg i sommarhalvåret, ved eit av Noregs lettast tilgjengelege anlegg i sitt slag. Etter ein dag på breen ventar eit bad i fjorden, for dei som ynskjer det.

Klimahistorie
«Folgefonna er, som fleire andre brear i Hordaland, eigenrådig og lunefull. Nærleiken til kysten og den rikelige tilgangen på nedbør har gjort Folgefonna til ein etternølar og særing i brehistoria», skriv Naturhistorisk Vegbok.
Dei fleste trur at Folgefonna er ein rest etter istida. Gjennom nyare forsking på klimaet dei siste 10 000 år har dette vorte avvist. Etter slutten av førre istid trekte isen seg raskt attende. Breen hadde seinare fleire framrykningar og tilbaketrekningar, men i perioden etter 8400 år før notid forsvann breen heilt. Fyrst for 5000 år sidan vart Nordre Folgefonna nydanna, på grunn av auke i nedbøren og lågare temperaturar. Den siste store breframstøyten fann stad i 1870-åra, i ein periode som vert kalla «vesle istid». Gjennom dei siste 10 åra er det registrert ein auka aktivitet og framrykk av utløparane kring breen.

« Tilbake

Klikk på bildere for større versjon